ANNONSØRINNHOLD FRA ENGESUND VISNINGSSENTER

TA TUREN: Engesund Visningssenter på Fitjar har sommarope.
TA TUREN: Engesund Visningssenter på Fitjar har sommarope.

Ei oppleving for heile familien

Sjå korleis oppdrett av laks blir drive. Du får sjå fisken i merden, smake på laksen som vi produserer, og du kan få ein tur med RIB i det flotte øyriket vårt som du seint vil gløyma.

Engesund Visningssenter ligg på lokaliteten Dyrholmen vest uti Fitjarøyane på ein flåte.

Her kan ein få visning eller ein matbit på kaféen. Den er open 11.00–19.00 alle dagar. Då kan de også få visning.

På ein visning får ein innblikk i havbruksnæringa med smaksprøver, film, bileter og spel. Borna kan og få fôre fisken.

Kombiner visning og kafé ved å bli med på våre faste avganger kl. 11.00 og 15.00. Me har og ein avgang med visning 18.00, men den kan ikkje kombineres med kaféen. De kan og ta turen til kaféen med eigen båt.

På menyen i kaféen finn ein laks i alle varianter.

Velkommen innom turistinformasjon som er på kontorbygget vårt på land på Fitjar, 10.00–20.00 alle dagar.

Hjertelig velkommen til oss!

PS! Det kan vera lurt å booke for å sikre plass. Ta kontakt på telefon 95 18 99 50 eller send oss ein e-post.

Sjå https://engesund.no/visningssenter/ for meir informasjon.